- Raskare innlogging med appen enn med BankID på mobil.
- Du kan signere alle typar dokument.
- BankID kjem snart med ansiktsgjenkjenning og fingeravtrykk. Passordet bruker du når du signerer eit stort lån eller andre ekstra viktige ting.
- Du slepp å taste inn telefonnummer, fødselsdato, vente på og stadfeste BankID-kodeord, taste inn pin-kode og trykkje på Godta-meldingane like mange gonger som før.
- Det er veldig enkelt å bytte telefon. Du lastar berre ned appen på den nye telefonen og aktiverer med appen på den gamle telefonen, så er du i gong.
- Tryggare fordi du får betre informasjon om kor du loggar inn, og det er enkelt å avbryte dersom noko ikkje stemmer.
- Heilt gratis, BankID på mobil har ein pris hos enkelte operatørar.
- Fungerer med eSIM og på dei fleste nyare telefonar (iOS12/Android6).
- Har enno betre tilgjengelegheit enn BankID på mobil.