Her er nokre tips for å lykkast med sparinga di:

  • Tenk langsiktig – minimum 5 år. Fonds- og pensjonssparing er langsiktig sparing – heldigvis! Dersom du kan setje av sparepengane dine i meir enn 5 år, kan fondssparing vere ei god spareform. Det eine bør ikkje stengje for det andre, så noko sparing på ein såkalla bufferkonto i tillegg er ei god løysing. Då sparar du både til den dagen vaskemaskina di må bytast ut, til ein etterlengta ferietur og meir langsiktig til pensjon.
  • Ha ein månadleg spareavtale som kan surre og gå. Ein spareavtale er ein fin måte å spare jamt og trutt på, uansett kva livsfase du er i. Det viktige er å skape gode sparerutinar. Spar gjerne litt ekstra no og då – ut frå kva moglegheiter du har. Hugs at litt er betre enn ingenting. 
  • Justere sparebeløpet i ein periode. Er du uroleg for økonomien, er det betre å justere sparebeløpet ditt ned noko framfor å avslutte spareavtalen din heilt. Då vil du framleis vere i aksjemarknaden den dagen pilene på børsane verda over peikar oppover igjen. Kanskje er du då heldig og får med deg ein fin gevinst? 
  • Lag ein langsiktig plan for fondssparinga di og hald deg til han. Fondssparing er langsiktig, og sjølv om marknaden kan svinge, har historia vist at det likevel vil vere ei god spareform for sparepengane dine. 
«It’s not about timing the market, it’s about time in the market.»  
Figuren nedanfor viser nettopp dette – altså korleis du kan oppnå ein netto gevinst på den langsiktige sparinga di, trass i marknadsuro, når du har eit langsiktig tidsaspekt på sparinga. 

 

Så, sjølv om aksjemarknadene svingar og du synest det er vanskeleg å finne rom for sparing, kan det vere lurt å finne den spareforma som passar for deg og din økonomi. Og minn deg sjølv på at sparing er langsiktig – heldigvis!

Dersom du ønskjer gode råd om sparinga din, hjelper vi deg gjerne. Kontakt oss for ein hyggjeleg spareprat!