Vurderer du å selje fondsandeler eller avslutte sparinga di? Då bør du lese sparetipsa nedanfor og kvifor det kan vere lurt å halde fram med sparinga di.

  1. Minn deg sjølv på kvifor du starta med fondssparing.
  2. Hald deg til den spareplanen du har laga.
  3. Opprett ein spareavtale og la sparinga gå av seg sjølv.
  4. Det er framleis låge bankrenter, og fondssparing er framleis ei god spareform.
  5. Unngå å sjekke sparebehaldninga di for ofte når marknadene svingar, og hugs at tida er din beste ven. Jo lenger tidshorisont du har på sparinga di, dess større er sjansen for å få god avkastning.
  6. Minn deg sjølv på at fondssparing er langsiktig sparing, og at behaldninga di kan svinge i periodar. Det er nettopp desse svingingane som gjer det mogleg å få høgare avkastning seinare.
  7. Juster sparebeløpet ned i ein periode framfor å avslutte sparinga. Då held du deg i aksjemarknaden og kan få med deg ei verdistiging når marknadene går betre igjen. Hugs at litt sparing er betre enn ingenting.
  8. Dersom du synest det er skummelt å spare i fond når aksjemarknadene er urolege, kan det vere ei løysing å justere risikoprofilen på sparinga di.

Våre rådgjevarar hjelper deg gjerne med å finne den spareforma som passar best for deg og din økonomi – heilt gratis!

Kontakt oss for ein spareprat!