-
Bør eg spare til barnet mitt i banken eller i aksjefond?Bankkonto
Pengar på bankkonto til barn passar godt viss du ønskjer å læra barna om eige pengebruk. Pengane er meir tilgjengelege enn andre spareformer, og banksparing er føreseieleg med låg risiko, fordi ein får ei fast renteinntekt kvart år.
Fondssparing
Å spare i aksjefond til barnet ditt er ein god idé viss du har ein plan for langsiktig sparing. Når ein har ein lang tidshorisont på sparing, vil sparinga vera mindre utsett for variasjonar i aksjemarknaden og på lang sikt vil vanlegvis fondssparing gi betre avkasting enn tradisjonell sparing.
-
Bør eg spare i barnet sitt namn?
Fordelar ved å spare i namnet til barnet:
Midla står i namnet til barnet og kan ikkje brukast av den som disponerer kontoen.
Fondssparing tilhøyrar barnet og vil ikkje inngå i buet viss foreldra skilst eller døyr.
Dei oppsparte midla vil ikkje inngå i formuen til foreldra.
Ulemper ved å spare i namnet til barnet:
Som forelder eller formyndar mistar ein tilgang til fondssparinga når barnet har nådd den alderen som er sett for at dei sjølv skal få disponera midla. I dei fleste tilfella vil det seie når barnet fyller 18 år. I Smartspar er det i midlartid mogleg å setja denne grensa høgare, opp til 25 år.
Dersom sparebehaldninga til barnet overstig 2G, kan Fylkesmannen avgrensa disposisjonsretten til foreldra over midla.
Dersom sparebehaldninga til barnet er større enn kr 428.861,- (2020 tall) blir stipendet frå Lånekassen gradvis redusert ut frå kor stor nettoformue du har. Les òg meir på Lånekassen sine sider herLes meir om å spare i namnet til barnet
-
Bør eg spare i mitt eige namn?Fordeler ved å spare i ditt eige namn:
Som forelder eller formyndar bestemmer ein sjølv når barnet skal få disponera dei oppsparte midla.
Ingen innblanding frå Fylkesmannen om forvaltning av dei sparte midla.
Stipend frå Lånekassen blir ikkje reduserte.
Foreldre kan fritt disponera dei oppsparte midla.
Ulemper ved å spare i ditt eige namn:
Dei oppsparte midla vil inngå i buet ved skilsmissa eller døden til foreldra. Dette kan unngåast viss ein skriv ei gåveerklæring. Viss du har eit testamente, kan dette òg skrivast ned her.
-
Kven disponerer midla eg har spart opp?I Smartspar er det mogleg å sjølv bestemma når barnet ditt kan overta disponeringa av fondssparinga som er gjort. Du kan vente til barnet er 25 år før det overtar fondsbehaldninga som er oppspart.
Før behaldninga er overført til barnet er det foreldra som disponerer fondsbehaldninga. Når barnet har oppnådd ønskt alder for å få fondsbehaldninga vil barnet ha full disposisjonsrett.
-
Risiko ved sparing?Risiko i forbinding med sparing omhandlar sannsynet for å mista pengar ein har investert som følgje av eit verdifall i verdipapir. Det finst ulike grader av risiko, og i sparesamanheng er det lågast risiko å ha pengane sine på ein sparekonto i banken sin. Det er høgare risiko å ha sparepengane sine i aksjar, då verdien av aksjane kan variera over tid. Risiko og avkasting heng tett saman.
Det er ingen garanti for høg avkasting sjølv om ein tar ein høg risiko. Men, for å få ei høgare avkasting på sparepengane sine må ein tora å ta litt høgare risiko på sparinga si, og ein bør ha ein langsiktig plan for sparing.