Vi drøymer om noko alle saman. Kanskje draumen din er ei hytte på fjellet, eit hus i Spania, eller mogelegheit til å reise meir når kvardagen ikkje lenger handlar om jobb? Uansett kva det er, vil det sannsynlegvis koste pengar. Og derfor er det aldri feil å spare. 

 

Spar i fond - få meir att

Alle kan spare noko, meiner ekspertane. Og når du sparer, bør du absolutt vurdere å setje pengane i eit aksjefond.

 

All sparing er bra, men alle ønskjer å få mest mogeleg ut av pengane sine.   

 

Vel du å spare i eit aksjefond kan forventa avkastning over tid bli høgare enn ved vanleg banksparing.

Eit illustrerande eksempel: Sparer du 1000 kroner i månaden i 15 år i eit aksjefond, kan du forvente å sitje igjen med ca. 250 000 kroner. Sparer du tilsvarande på ein sparekonto kan du forvente å ha ca. 185 000 kroner.

I eksempelet er det forutsett avkastningsforventning på 6,25 % per år for aksjefond og 2,5 % per år for banksparing. I begge tilfelle er det hensyntatt ein inflasjon på 2 %. Vær oppmerksam på at anslaget ikkje er nokon garanti for framtidig avkastning, og at sparing i aksjefond er forbundet med høgare risiko enn sparing på bankkonto*.

Prøv vår sparekalkulator

Ha eit langsiktig perspektiv og se draumen vekse

Eika Kapitalforvaltning anbefaler alle som sparer i fond å ha eit langsiktig perspektiv, minimum 10-15 år. Dess lenger du sparer, dess betre er du sikra mot svingingane i aksjemarknaden.

Ingen grunn til å vente, med andre ord - så kvifor ikkje starte allereie i dag? Brukar du mobilbanken, er du berre eit par tastetrykk unna å starte ein spareavtale.

- Mobilbanken gjer det enkelt å administrere låneavtalen. Ekstra kjekt er det også at du kan følgje med på korleis fondet du sparer i utviklar seg. Slik kan du bokstaveleg talt sjå korleis pengane - og draumen din utviklar seg. Det er alltid motiverande for ein som sparer, seier Jørgen Sundet i Eika Kapitalforvaltning.

Ikkje lasta ned mobilbanken enno? Her kan du gjere det


Snakk med oss

Framleis usikker på korleis du skal organisere sparinga di? Snakk med ein av rådgjevarane i banken. Saman finn vi den rette spareplanen for deg.

 

*Eksempelet har ikkje hensyntatt eventuell skatt som vil kunne påhvile produktet og/eller kunden. Den skattemessige verknaden avheng av den einskilde kunden sin individuelle situasjon og kan kome til å endre seg.

Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av marknadsutviklinga, forvaltars dugleik, verdipapirfondets risiko, samt kostnader ved teikning, forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.