28. oktober 1929 vart omtala som «Black Monday». Denne dagen fall Dow Jones indeksen med 12,8%. I går opplevde vi endå ein svært dårleg børsdag, og Dow Jones indeksen fall 12,9%. Dette er derfor på same nivå som dei verste børsdagane vi historisk har sett, og mange økonomar trekkjer derfor parallellane i dagens økonomiske situasjon opp mot denne historiske dagen.
Den same marknadssituasjonen hadde vi òg førre måndag. Samtidig så vi òg ein av dei beste børsdagane i USA nokosinne fredag 13. mars. Det er difor liten tvil om at uvissa er stor og svingingane mange.
Kvar står vi eigentleg no, og korleis ser utsikta ut herifrå?
Viss vi ser dei siste vekers børsfall opp mot historia, er vi no på eit slikt tidspunkt der vi kan seia at aksjemarknaden er rimeleg. Det verkar derfor fornuftig å seia at moglegheita for god avkasting dei neste tre åra er svært realistisk.
Kilde: Eika Kapitalforvaltning
Har vi nådd botna?
Har dei negative økonomiske konsekvensane av koronaviruset og oljeprissjokket allereie vist den fulle krafta si på børsane i verda? Svaret har førebels ingen, men vi veit at under finanskrisa i 2008 fall børsane ytterlegare 25% i forhald til det nivået vi i skrivande stund ligg på no. Tidlegare økonomiske kriser har gjennom historia utvikla seg til dei børsnivåa vi ser i dag, òg med dei negative konsekvensane som følgjer.
Korleis bør vi som fondskundar forhalda oss til dette?
Viss vi ser oss kring i samfunnet, er det unntakstilstand. Det historiske låge børsnivået tilseier at det kan vera lurt å investera. Det mest spesielle med denne nedturen er kor raskt det har gått. Dette tilseier at det bør forventast ytterlegare svingingar i tida framover, noko som gjer at det er vanskeleg å gjera dei riktige vurderingane. Samtidig er børsane allereie på eit nivå der historisk avkasting er god når ein sparer med lengre tidshorisont. Det er verdisvingingane som gjer at aksjemarknaden over tid gir god avkasting. Dermed er langsiktige spareplanar den viktigaste bodskapen ein må tenkje på.
For dei som no vurderer å auka sin behaldning av fondsdelar, er rådet vårt at ein bør gjera dette gradvis. Då vil ein over tid jamna ut dei ekstreme rørsla vi no ser på børsane.
For dei som vurderer å selja fondsdelane sine, tilseier historia at dette mest sannsynleg ikkje er eit godt tidspunkt. Men det er fullt forståeleg at det kan vera ubehageleg å sitja i aksjemarknaden. Tid og tolmod vil difor i desse dagar vera den beste vennen din.
Historisk avkasting er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting vil m.a. vera avhengig av marknadsutviklinga, forvaltarens dugleik, risikoen til verdipapirfondet, samt kostnader ved teikning, forvalting og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følgje av kurstap.