Eigen pensjonskonto er ein samlekonto for den oppsparte pensjonen din frå tidlegare og noverande arbeidsgjevarar for deg som arbeider i privat sektor. Kontoen blir ofte forkorta til EPK og gjer det enklare å få oversikt over din eigen pensjon på éin stad. Når du får betre oversikt over økonomien din, også i framtida, er det enklare å ta grep om sparinga di. Dei aller fleste av oss merkar godt at vanlege forbruksvarer som straum, matvarer og drivstoff har blitt merkbart dyrare. Sparing er derfor viktigare enn nokon gong. Vi hjelper deg med å kome i gang – kontakt oss i dag!

Det er både enkelt og lurt å ha pensjonskontoen din i banken med resten av økonomien din. Ved å samle alt på éin stad får du

  • ei god oversikt over pensjonen din og inntekta di som pensjonist
  • lettare oversikt over økonomien din og kvar det kan vere rom for sparing
  • éin fast rådgjevar, anten det gjeld pensjon, sparing eller eit av dei andre produkta banken din tilbyr
  • hjelp med økonomien når du treng det for små og store (økonomiske) hendingar i livet

Kontakt oss for ein pensjonsprat – og for å opprette eigen pensjonskonto i banken. Vi hjelper deg med å gjere dei rette vala for deg, slik at du kan leve eit godt liv også når du blir eldre.