Valet finn stad i Hjelmeland Sparebank sitt ekspedisjonslokale torsdag 21. februar 2019 i tida kl. 09.00-15.00.  Valet skjer ved personleg frammøte, ikkje elektronisk.

 

Kundar som har og som dei siste seks månadene har hatt eit innskot på minst 2500 kroner i Hjelmeland Sparebank og som bur i Hjelmeland kommune eller har arbeidet sitt i kommunen, har røysterett.  Upersonlege innskytarar må ha sete i Hjelmeland kommune for å ha røysterett. 

Berre myndige personar har rett til å røysta - på vegne av seg sjølv og andre.  Ingen kan gje meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige innskot og ei som representant for annan innskytar.

Alle med røysterett som nemnd ovanfor, har plikt til å ta i mot val dersom dei ikkje tidlegare har gjort teneste som medlem av forstandarskapet, styret eller bankens kontrollkomité i minst 1 valperiode.

Det skal veljast 1 medlem  for perioden 2019 – 2022 og 1 varamedlem for perioden 2019 – 2022.

Liste over nåverande medlemer og varamedlemer av forstandarskapet med merknad om kven som er på val, vert lagt ut i sparebanken sitt ekspedisjonslokale og på heimesida på internett.

Valkomiteen vil seinast 2 veker før valet fremja forslag om kandidatar og setja opp valliste. Vallista og anna valmateriell samt valføresegnene vert lagde ut i sparebanken sitt ekspedisjonslokale seinast to veker før valet.

Valet vert halde på bakgrunn av opplysningar innkomne som bedt om i 1. utlysing i Strandbuen 19. desember 2018.

 

Sign.   

Dagfinn Hatløy

Leiar i forstandarskapet

 

 

FORSLAG FRÅ VALNEMNDA PÅ KANDIDATAR SOM MEDLEM OG VARAMEDLEM TIL FORSTANDARSKAPET FOR HJELMELAND SPAREBANK

 

 

DET SKAL VELJAST 1 MEDLEM OG 1 VARAMEDLEM FOR PERIODEN 2019 – 2022.

 

 

1.      JON HELGE HAUSKEN

 

2.      JOHANNES HAUGE

 

3.      TERJE OVE BREILAND

 

4.      FRODE RISKEDAL