Innskytarar som har og som i løpet av dei siste seks månadene har hatt eit innskot på minst 500 kroner i Hjelmeland Sparebank og som bur eller arbeider i Hjelmeland kommune, har røysterett. Upersonlege innskytarar må ha sete i Hjelmeland kommune for å ha røysterett.

Berre myndige personar har rett til å røysta - på vegne av seg sjølv og andre. Ingen kan gje meir enn to røyster, ei på grunnlag av eige innskot og ei som representant for annan innskytar.

Alle med røysterett som nemnd ovanfor, har plikt til å ta i mot val dersom dei ikkje tidlegare har gjort teneste som medlem av forstandarska­pet, styremedlem eller medlem av kontrollnemn­da i minst ein valperiode.

Det skal veljast 1 medlem for perioden 2017 - 2020 og 2 varamedlemer for perioden 2017 – 2020. 1 av varamedlemmene er på val etter lot­tdragning etter 2 år (tilpassing til nye vedtekter).

Liste over nåverande medlemer og varamedlem­er av forstandarskapet med merknad om kven som er på val, ligg i sparebanken sitt ekspedis­jonslokale.

Valkomiteen vil seinast 2 veker før valet fremja forslag om kandidatar og setja opp valliste. Val­lista og anna valmateriell samt valføresegnene vert lagde ut i sparebanken sitt ekspedisjon­slokale seinast to veker før valet.

Røysteføre innskytarar kan fremja forslag på kandidatar. Forslaga må sendast valkomiteen seinast 4 veker før valet (19.01.2017), med op­plysningar om namnet på kandidaten, fødselsår og -dato, yrke og fullstendig adresse.

Informasjonsmateriale i høve valet vil og verta lagt ut på bankens heimeside på internett, www.hjelmeland-sparebank.no

Trygve Brandal, leiar i forstandarskapet

FORSLAG FRÅ INNSKYTARVALNEMNDA PÅ KANDIDATAR SOM MEDLEMER OG VARAMEDLEMER TIL FORSTANDARSKAPET FOR HJELMELAND SPAREBANK

 

DET SKAL VELJAST 1 MEDLEM FOR PERIODEN 2017 - 2020

OG 2 VARAMEDLEMER FOR 2017 – 2020*.

 

 1.     KRISTIN KOSTØL HELGELAND

 

 2.     JOHANNES SOPPELAND

 

 3.     AUD MELING

 

 4.      OLA DALE                                                                                                                 

 

 5       JOHN SØRESTAD

 

 6.      ANNA LENA KLEPPA

 

 *Som fylgje av endring i bankens vedtekter skal varamedlemer til forstandarskapet nå veljast for 4 år, mot tidlegare 1 år. 1 varamedlem skal såleis vera på val kvart 2. år. Ved valet i 2019 vil difor 1 av varamedlemene som blir valde nå bli trekt ut ved loddtrekning.