I desse dagar sender me ut brev til dei me ikkje har kundeerklæringsskjema på.

Dette er eit krav me har med bakgrunn i Kvitvaskingslova, for å unngå at bankane vert nytta som eit ledd innan kvitvasking og terrorfinansiering. Dette kravet gjeld sjølv om du har vore kunde i banken i mange år.

Me sender i desse dagar ut brev til dei av våre kundar som me manglar informasjon på. Skjemaet kan for dei fleste fyllast ut digitalt ved å logge deg inn her på heimesida med din BankID. (Velg «Logg inn» og «Dokumenter til signering» eller ved å fylle ut skjema manuelt (Skjema i utskriftsvennleg format finn du i denne artikkelen).

Ytterste konsekvens ved manglande skjema kan dessverre vere at konti blir sperra og transaksjoner ikkje blir gjennomført og i verste fall at kundeforholdet må avviklast (jf. Kvitvaskingsloven §24). Dette er ikkje ein ønska situasjon verken for kundane våre eller for banken. Me håper derfor at flest mogeleg får levert inn skjema.

På førehand takk for hjelpa! Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko, tlf. 51 75 44 00, eller e-post post@hjelmeland-sparebank.no.

Skjema for personkundar

Skjema for bedriftskundar

Skjema for mindreårige