- Tap eller skade under transport skal meldast til transportselskapet.
- Tjuveri eller ran skal meldast til politiet eller reiseleiaren på staden.
- Skade eller tap frå hotell, restaurant, flyplass eller liknande skal meldast til hotellet, restauranten osv.
Sjølv om skadeoppgjeret er ein prosess basert på gjensidig tillit, er det likevel lurt å få tak i dokumentasjon som stadfestar hendinga. Her er ei liste over kva som er lurt å ha klart før du melder ein skade:
Forseinka bagasje:
- PIR-rapport (Property Irregularity Report) frå flyselskapet som stadfestar forseinkinga.
- Kvitteringar på utlegga du hat hatt (hugs å summere desse).
- Avbestillingsdokument frå reisearrangøren eller flyselskapet.
- Oversikt over kva du får refundert av reisearrangøren eller flyselskapet.
- Legeattest, dersom avbestillinga kjem av sjukdom.
- Dokumentasjon av alle tilknytte utgifter til lege, medisinar, drosje osv.
- Tjuveri av reisegods: skriftleg stadfesting frå staden det skjedde på.
- Fråstolen mobiltelefon: Stadfesting på sperring av IMEI-nummer - du finn IMEI nummeret ved å taste *#06#. Telefonen blir sperra hjå politiet, som sender førespurnaden om sperring vidare til telefonoperatøren.
- Oversikt over tapet med skildring av type gjenstandar, alder, modell og pris om ein må kjøpe gjenstandane på nytt.
- Ved innbrot eller dersom noko er øydelagt: Bilete.
Kva om du blir sjuk på reisa?
Dersom du blir sjuk på reisa, kan du enkelt avbestille reisa og skadde ein legeattest som stadfestar sjukdommen. Blir du sjuk på reise i utlandet tilrår vi at du tek kontakt med Eika sin forlenga arm, SOS International. Via den døgnopne alarmsentralen deira får du hjelp uansett kvar du er i verda.
Dersom du blir sjuk på reisa er det lurt å hugse på dette:
- Følg anbefalingane du får frå legen.
- Sei ifrå til Eika eller SOS International dersom du blir lagt inn på sjukehus eller dersom du reknar med at utgiftene kjem til å overstige 5 000 kroner.
- Få ei skriftleg stadfesting frå legen om at utgiftene som er komne på, er nødvendige, og om du har behov for å avbryte reisa.
- Ta vare på alle kvitteringar frå legebesøk, medisinar og andre utgifter knytte til sjukdommen.
Vi ønskjer deg ei god og sikker reise!