Legg til alle kort og kontoar frå oss i Vipps

Gjer kvardagen enklare ved å legge til både korta og kontoane dine frå oss i Vipps. Dette lar deg velje kva konto eller kort du ønskjer å bruke når du skal betale eller overføre, direkte i appen. Slik får du full oversikt og fleksibilitet.

Vel mottakarkort i Vipps

Opplever du forseinkingar når du mottar pengar via Vipps? Ved å velje Visa-kort frå oss som ditt mottakarkort i Vipps-appen, sikrar du at pengane blir overførte på sekundet, uavhengig av om sendaren bruker kort eller konto.

Ellers er Vipps kjekt til å logge inn, spleise på utgifter, og betale bruktbil gebyrfritt i samarbeid med NAF og Finn. Vil du vite meir om Vipps? Besøk deira nettsider https://vipps.no/

Nyheit! No kan du vippse mellom Noreg, Danmark og Finland

Kostar det noko å vippse til utlandet?

Å vippse til utlandet kostar 4 % av summen du vipsar. Når du skriv inn beløpet du vil sende, bereknar Vipps cirka kor mange norske kroner som blir trekte frå kortet ditt. Valutakursen du ser i Vipps er frå Norges Bank og viser omtrent kor mykje du blir trekte.

Kva valuta blir brukt når eg vipsar til utlandet?

Du vipsar i valutaen som blir brukt i landet der vennen din har bankkonto. Mer om å vippse til utlandet her; https://vipps.no/vippse-til-utlandet/