I ny nettbank får du betre oversikt over kontoane, kredittkorta, låna, forsikringane og sparinga di. Du kan sjølv redigere kontooversikta di, og gi kontoane dei eigne namna dine. Å betale rekningar har aldri vore enklare.
Du finn alle korta dine samla, og kan sjølv setje grenser for netthandel og regionsperre. Du finn også det digitale kortet ditt, dersom du vil handle på nett og ikkje har det fysiske kortet tilgjengeleg.
Når vi no flytter over til nytt kjernesystem gleder vi oss til å i tida framover tilby deg mange nye og betre digitale tenester som forenklar kvardagen og gir deg betre oversikt og kontroll på økonomien.
Nokre eksempel på funksjonar som kjem er:
- Opprette felleskonto og gi tilgang til andre
- Dele eFaktura med andre
- Opne konto og bestille kort for barn og unge
- Få varsel på telefonen når det kjem n eFaktura, melding frå banken eller andre hendingar på konto
- Gjere endringar på låna dine