Så fint du du tenkjer på miljøet! Det gjer nemleg vi også – visste du at det nye kortet ditt er laga av resirkulert plast? Når det no er på tide å kvitte deg med det gamle kortet ditt, kan du anten kaste det i restavfallet, eller du kan sende det til attvinning. Sjekk med den lokale avfallsstasjonen din om korleis bankkort blir sorterte – nokre har ikkje eiga attvinning for plast, og då må det uansett gå som restavfall.   

Når du skal kaste bankkortet ditt er det to ting du må tenkje på:

  • Klipp kortet i fleire delar. Klipp gjerne rett over kortnummeret på langs slik at kortnummer ikkje er synleg om nokon skulle kome over dei ulike delane.
  • Den vesle chipen i kortet kan ikkje resirkulerast som plast, så den må klippast ut og kastast i restavfallet (klipp gjerne over chipen slik at han ikkje kan lesast lenger).  

Finn nye bruksområde for kortet ditt

Dersom kortet ikkje er utgått på dato, bør du sperre kortet før du gyv laus på desse smarte løysingane for å finne nye bruksområde for det gamle kortet ditt. 
  1. Mobilstativ 
    Ser du mykje på telefonen, er gamle bankkort eit enkelt, miljøvenleg og ikkje mist billeg materiale å lage eit mobilstativ av. Brett kortet på høgre side 1,5 cm oppover og venstre side ca. 3 cm nedover. Enkelt, sant? No slepp du slitne fingrar framover. 

  2. Bokmerke 
    Å bruke kortet som eit bokmerke er veldig enkelt. Er du ein kreativ type, kan du lime på litt farga papir og kanskje eit bilete av noko du likar, så har du eit personleg bokmerke som held lenge.

  3. Lag et gitar plekter 
    Finn fram saksa, så kan du klippe ut fleire plekter frå det gamle kortet ditt. Har du noko ekstra måling liggjande, kan du få sett ditt eige preg på dei. 
    Plekter i flere farger
  4. Skoskei 
    Har du nokon gong teke av deg skoa på ein stad der dei ikkje har skoskei? Ja, det er irriterande, men har du eit gammalt bankkort i lommeboka, kan du enkelt få på deg skoa utan å øydeleggje fingrane eller baksida av skoa.  

  5. Haldar til øyrepluggar 
    Lei av øyrepluggar som surrar seg saman til ein einaste stor krøll? Lag ein genial øyreplugghaldar, så slepp du krøll på linja. Bruk ein hòlmaskin og lag to hòl på den eine sida. Klipp eit lite kutt inn mot hòlet slik at du kan feste øyrepluggane der. Surr leidninga rundt kortet. På den andre sida lagar du eit hòl til kontakten.