Eika Innskuddspensjon

Eika Innskuddspensjon

Innskotspensjon er den pensjonen du som arbeidsgivar sparer til dine tilsett. Ordninga inkluderer alle tilsett over 13 år og inneber "pensjon frå fyrste krone". Ein gunstig innskotspensjon for tilsett dine kan gjere deg til ein foretrekt og meir attraktiv arbeidsgivar.

Kva spareprofilar kan den tilsette velje mellom?

Den årlege sparesumen arbeidsgivar innbetaler i pensjonssparing til dei tilsette, blir avtalt mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Den tilsette kan sjølv velge den spareprofil den ønskjer for pensjonssparinga.

Den tilsette kan velje mellom fire ulike spareprofilar: 

  • Eika Forsiktig: 30 % blir investert i aksjar. 70 % i renter. 
  • Eika Moderat: 55 % blir investert i aksjar. 45 % i renter.
  • Eika Offensiv: 80 % blir investert i aksjar. 20 % i renter. 
  • Eika 100 % aksjar: 100 % blir investert i aksjar.

Fordelar med å ha innskotspensjon gjennom banken

  • Ein fast rådgivar som kjenner deg og bedrifta di
  • Klare kostnader og enkel administrasjon for deg og bedrifta
  • Pensjonsinnskota gir bedrifta inntektsfrådrag og er skattefrie for dei tilsette
  • Betre oversikt og kontroll ved å samle pensjonssparinga til bedrifta og økonomi i banken
  • Enkelt å administrere pensjonsavtalen med riktige tilsette, riktig lønn og stillingsprosent
  • Spareprofil tilpassa alder og ønske

Logg inn