Lov om tjenestepensjon seier at alle bedrifter med meir enn to tilsette må ha ei tenestepensjonsordning. Det må setjast av minimum to prosent av løna til dei tilsette i ordninga, men det ligg ingen hinder i vegen for å spare meir. Likevel har 44 prosent av alle norske arbeidstakarar ei pensjonsordning som berre tilfredsstiller minimumskrava i lova.

– To prosent er dessverre ikkje på langt nær nok dersom du vil halde oppe kjøpekrafta når du blir pensjonist, 

seier Gunnar Birkevold, marknadsdirektør i Eika Kapitalforvaltning.

Her er hans råd for korleis du kan gjere noko med pensjonsordninga i di bedrift:

  1. Set av ein time med ein bankrådgjevar
    Rådgjevarane våre kan hjelpe deg over kneika som mange kan oppleve når det er snakk om pensjon. Gjennom ein samtale får du betre oversikt og auka kunnskap om både den eksisterande ordninga og moglegheitene som finst. I løpet av ein pensjonssamtale med din faste rådgjevar i banken vil du bli tryggare på alt rundt pensjon og kjenne at du er teken godt hand om ved å ha tenestepensjonen i banken.  
  2. Legg ein plan
    Pensjon vil bli viktigare i åra som kjem. Legg derfor ein plan saman med oss no for korleis du skal betre pensjonsordninga i di bedrift. Med ein god plan har du kontroll på kostnadene, og dei tilsette vil sjå at du tenkjer på deira beste. Det vil gjere dei tilsette i dag nøgde, og samtidig er ei god pensjonsordning eit godt rekrutteringstiltak.
  3. Involver dei tilsette
    Det er ikkje berre du som må tenkje på pensjon. Skal dei tilsette oppnå ein tilfredsstillande pensjon, må også dei engasjere seg og få eigarskap til pensjonsordninga. Inviter dei tilsette med i diskusjonar, og involver gjerne ein bankrådgjevar, slik at alle får meir kunnskap om pensjon. 
  4. Bli einige om eit spleiselag
    Eit spleiselag er alltid lettare å få til enn om éin av partane må stå for alle utgiftene. Ei løysing kan til dømes vere at de ved neste lønsoppgjer blir einige om at éin prosent blir sett av til pensjon, medan resten går til løn. Dette kan de gjere kvart år, eller annakvart år. Slik får de ei langt betre pensjonsordning på få år, utan at det eigentleg kostar noko ekstra for deg eller for dei tilsette.
  5. Ikkje vent til i morgon
    Det er lett å skyve pensjonsspørsmål framfor seg, men det er ingen god idé. Som bedriftsleiar bør du vise samfunnsansvar, og som tilsett bør du tenkje langsiktig. Pensjon må nemleg sparast over mange år. Det kan vere for seint å tenkje på dette på slutten av karrieren din, så start jobben allereie i dag.