Dei fleste som etablerte ordningar for 17 år sidan la seg på minimumet til lova, 2% av lønn mellom 1*-12G (*endra til 2% av lønn frå 0-12 G per 01.01.2023).

Sparing til pensjon via arbeidsgivar har blitt eit av tilsettgoda som arbeidstakarar set høgast når goda skal rangerast, i tillegg til lønn. Dessverre er ikkje 2% av lønn nok. Dette skildrar seg også i statistikk frå Finans Norge, som viser at ca. 70% av bedriftene har valt ein betre pensjonsavtale enn lova sitt minimum ved utgangen av 2021. 

Ei pensjonsordning er økonomisk gunstig for bedrifta sett ut i frå fleire forhold:

  • Gode ordningar skaper lojale tilsette
  • Bedrifta står sterkare i konkurransen om dei kloke hoddene 
  • Tilsette kan hjelpe med eigensparing etc. 
  • Utgiftene til pensjon blir kostnadsførte, og reduserer dermed skattegrunnlaget til bedrifta 
  • Sparenivået kan endrast av arbeidsgivar 

Vi står no føre eit lønnsoppgjer der forventingane til lønnsvokster er høge. I lønnsforhandlingar kan ein kombinasjon av lønn og pensjon vere svært gunstig både for arbeidstakar og arbeidsgivar, og ein høgare sparesats kan faktisk gjere ei bedrift til ein meir attraktiv arbeidsgivar. Det er så enkelt at dersom ein arbeidstakar har valet mellom to arbeidsgivarar kan ein bedrift med høgare sparesats på innskotspensjonen for tilsett sine bli det foretrukne valet. 

Kontakt banken din, eller ta kontakt med Storebrand direkte, for å finne den pensjonsordninga som er best for deg og din bedrift.