Frå og med 1. oktober 2024 må alle betalingsfiler du skal sende til banken, vere i eit ISO 20022 XML-format.

Denne nye internasjonale ISO-standarden for betalingsfiler erstattar dei gamle formata som Telepay og NDR (Nets Direkte Remittering).

Telepay og NDR blir med andre ord fasa ut, og etter 1. oktober 2024 kan du ikkje bruke desse gamle formata lenger.

Kva må eg som kunde gjere?

Er du usikker på om rekneskaps- eller ERP-systemet ditt støttar XML-formatet, vil systemleverandøren din kunne svare deg på det.

Dersom systemet ditt ikkje støttar XML-formatet, må du oppgradere det til ein versjon som handterer dette eller skaffe deg ei konverteringsteneste.

Vi tilrår deg derfor at du kontaktar systemleverandøren din så fort som mogleg. Saman kan de då planleggje korleis de får oppgradert eller konvertert filer til det nye formatet.

Kvifor blir formatet på betalingsfiler endra?

ISO 20022 XML har blitt innført som ein standard for betalingsmeldingar mellom anna for at norske bankar skal vere tilpassa EU-regelverk og krav i finansavtalelova.

Det blir også det einaste formatet som vil bli halde ved like i samsvar med krava frå styresmaktene og marknaden framover.

I tillegg inneheld det meir detaljert informasjon som gjer det lettare å automatisere og digitalisere prosessane for både den som sender betalinga, og den som tek imot betalinga.

Ved å erstatte gamle, nasjonale og proprietære (lukka) format med dette nye formatet, får vi éin internasjonal standard å halde oss til – og denne standarden dekkjer heile verdikjeda frå kunde til bank, bank til bank og bank til kunde.

Med ISO 20022 XML blir betalingsformidlinga meir effektiv og føreseieleg. Dette reduserer behovet for manuell oppfølging.

Dei fleste bankar tilbyr allereie ISO 20022 XML-meldingar for filbaserte betalingstenester og cash management-meldingar.

Ofte stilte spørsmål

Kva er ISO 20022 XML?

ISO 20022 XML er ein internasjonal meldingsstandard for betalingsformidling som blir brukt i grensesnittet mellom kunde og bank. Den nye standarden vil erstatte dei gamle proprietære (lukka) standardane innanfor kvart enkelt land og kan brukast for både nasjonale og internasjonale betalingar.

Kva er Telepay?

Telepay er eit norsk proprietært (lukka) standard filformat for overføring av betalingsopplysningar mellom til dømes eit rekneskapsprogram og nettbanken.

Kva er fordelane med XML for bedrifta mi?

SEPA (Single Euro Payment Area) og ISO-standardiseringa gjer betalingsformidlinga meir effektiv og føreseieleg. Betalinga vil innehalde same informasjon gjennom heile betalingsløpet, og det blir dermed mindre behov for manuell oppfølging og avstemming. Nye meldingar på det nye formatet gjer også at du kan få meir informasjon om betalingane enn du får i dei gamle formata.

Kva gjer eg om eg har eit eigenutvikla system?

Dersom du brukar eit eigenutvikla system i dag, finn du meir informasjon hos Bits (tidlegare Bankenes Standardiseringskontor), der du også kan sjekke filene dine via ei lenkje til Bits-standard. Når filene er validerte, kontaktar du banken din for å avtale oppstart av innsending.

Kva for meldingstypar støttar banken?

Meldingstype Forklaring 
 Pain 001 Utbetalingsfil. Blir send til banken frå ERP-systemet.
 Pain 002 Kvittering og statusoppdatering på innsend utbetalingsfil som blir send tilbake til ERP-systemet. Pain 002 viser kva for betalingar som er aksepterte og avviste, og status på betalingar.
 Camt.054D Debetbetaling. Camt.054D viser kva for betalingar som er utførte i løpet av dagen, og kan samanliknast med avrekningsretur. 
 Camt.053  Bankavstemming. Elektronisk kontoutskrift som blir send dagleg.
 Camt.054C  Kredittmeldingar. Sender detaljert informasjon om alle typar innbetalingar. Camt.054C kan samanliknast med OCR og Cremul. Kan leverast fleire gonger dagleg.