Kristian er pendlar og kombinerer jobben som rådgivar i eit datafirma i Oslo med eit liv som bonde på Flå i Buskerud. Det er òg på Flå dei viktige avgjerdene blir tekne – ofte over ein kaffikopp i lokalbanken, som er ein del av Eika Alliansen.

- Den lokale tilhøyrselen til banken er uvurderleg

- Eg overtok garden i 2010. Då var det viktig for meg å ha nokon å snakke med rundt økonomien, fortel Kristian Akervold, som meiner den lokale tilhøyrselen til banken er uvurderleg.


Eg har vore kunde hjå lokalbanken så lenge eg kan hugse. Banken har på ein måte alltid vore der. - Kristian Akervold.

Stikk innom minst éin gong i månaden

Når banken berre ligg 10 minutt heimanfrå, er det både lettvint og praktisk å stikke innom. Jamleg kontakt med banken skaper tryggleik, og det er heilt nødvendig når ein skal ta viktige avgjerder.

– Dei som jobbar i banken, kjenner meg. Eg føler dei har større forståing av livet mitt og kan gi meg råd basert på heilskapen, seier den heimvende bonden.

- Anten eg skal spare eller låne, så stoler eg meir på dei eg kan ta ein kaffikopp med.

- Kva veit ein i Oslo eigentleg om livet mitt?

Kristian Akervold brukar landbrukskreditt i lokalbanken og er oppteken av å skilje mellom privat økonomi og det som er knytt til garden.

- Banken gir meg rettleiing for at eg skal få ein ryddig økonomi. Dei gir meg råd, og eg stoler på dei. Dei veit kvar eg kjem frå, og kvar eg høyrer heime. –

- Eg kunne aldri hatt den same tilliten til ein eller annan kundehandsamar på eit kontor i Oslo. Kva veit vel han om livet mitt? smiler kornbonden og skogeigaren.

Kontakt oss for ein kaffiprat.