Det er ikkje mange land i verda som kan skilte med ein slik natur som vi har i Noreg. Vi har alle årstider og nesten alle klimasoner. Det einaste vi ikkje har er ørken og tropisk regnskog. På roadtrip i Noreg vil du oppleve at det bur folk stort sett over alt. Noko som er ein attraksjon i seg sjølv. Det finst overnattingsstader og serveringsstader på dei utrulegaste stadene her i landet.
Våg å ta nokre omvegar, og ha eit ope sinn. Vegstandarden kan variere, men er aldri veldig dårleg som du kan oppleve i mange andre land. Dersom du i tillegg har med sykkel, gode tursko og kanskje ein kajakk på taket, er det ingen grensar for kva du kan oppleve på bilturen gjennom Noregs vakre natur.
Toppliste: dei vakraste bilturane i Noreg
- Villmarksvegen i Østfold
- Vikingvegen gjennom Vestfold
- Langs Sørlandets svaberg rundt Sør-Noreg
- Frå dal til høgfjell til hav over Sognefjellet
- Mange perler på turistvegen frå Strynefjellet til Romsdalen
- Langs Atlanterhavsveien til Kristiansund
- Opplevingar langs Helgelandskysten
- Villmarksvegen i nord
- Langs yttersida av Senja
- Langs kanten av Barentshavet
Bilturane i Noreg er henta frå boka «Noregs beste bilturar - spektakulære og innhaldsrike» av vegbokredaktør i NAF, Per Roger Lauritzen, saman med medforfattar Reidar Stangenes. Topp 10-lista er ikkje rangert.
Les meir om Noregs vakraste bilturar med ei forklaring av dei forskjellige vegane her hos NAF.