1. Skaff kapital
- Større investeringar i eigedom, maskiner eller utstyr krev kapital – kontroller at du har midla som skal til.
- Likviditeten er gjerne pressa når bedrifta er i vekst. Kassakreditt eller fleksible finansieringsløysingar kan vere gode hjelpemiddel i denne perioden.
- I ein vekstperiode kan det lønne seg å lease utstyr framfor å kjøpe det. På denne måten bind du ikkje kapital eller pantegrunnlaget til bedrifta i banken. I tillegg blir alle utgifter knytte til leasing kostnadsførte over drifta, noko som gjer det enklare å setje opp eit realistisk budsjett.
2. Tilset fleire
Lovpålagde produkt:
- Alle bedrifter med to eller fleire tilsette er pålagde ved lov å spare til pensjon (OTP) for dei tilsette
- Alle bedrifter pliktar å ha yrkesskadeforsikring dersom nokon blir sjuke eller skadar seg i arbeid
- Ei personalforsikring byggjer på den lovpålagde yrkesskadeforsikringa, og er ein ekstra tryggleik for både den tilsette og arbeidsgivaren dersom noko uføresett skulle oppstå. Eit døme på dette er gruppelivsforsikring.
- Ei helseforsikring kjem svært godt med for både bedrifta og dei tilsette – særleg for å unngå langtidssjukmelding og få den tilsette raskare tilbake i arbeid

- Kor store lokale treng bedrifta og kva er det behov for som ikkje blir dekt i dag?
- Heng ønsket om nytt lokale eller utviding av lokalet saman med forretningsplanen?
- Kva for fasilitetar treng de? Døme på fasilitetar er mellom anna talet på møterom, lager, parkering og profilering.
- Kan flytting til nye lokale påverke bedrifta negativt, i form av til dømes synlegheit, tilgjenge eller tilkomst for leverandørar?
- Kjem utvidinga av lokala eller nye lokale til å dekkje behovet også i framtida?
- Har dei nye lokala restriksjonar som kan bli til hinder for bedrifta? Døme på dette er støy, utslepp eller vern.